Norge har ein todelt målsetjing om å ta vare på rovdyr og beitedyr, for å få til dette er landet delt inn i rovdyrsoner der rovdyra vert forvalta etter vedtatt bestandsmål.  Når det er for mykje rovdyr i ei sone vert det opna for lisensjakt. Lisensjakta vert utført av jegrar med registrert lisens for jakt på rovdyr og løyve frå grunneigarar for å jakte.

Forvaltningsplan for rovdyr presserar at rovdyra skal regulerast gjennom lisensjakt, og det er eit nasjonalt mål at ein i minst mogleg grad skal nytte ekstraordinære uttak utført av Statens Naturoppsyn.

Klima- og Miljøverndepartementet er ansvarleg for tidfesting av lisensjakta. Oppstartspunktet for lisensjakt på ulv utanfor ulvesona vart flytta frå 1. oktober til 1. desember i 2019.   Lisensjakta vert avslutta 31.mai.   Grunngjevinga for flytting av jakttida er at ein ynskjer ulv med spesielle gener ikkje vert avliva, men får etablera seg og styrka genvariasjonen.    - At ein genetisk viktig ulv brått skal dukke opp i Ytre Sogn og Sunnfjord er urealistisk, held Hovland fram.  DNA frå den ulven som er Ytre Sogn no syner at den ikkje er genetisk viktig!  

Samstemt årsmøte i Sogn og Fjordane Bondelag ynskjer flytting av oppstart for lisensjakt på ulv utanfor ulvesona attende til 1. oktober på hausten. Det vil vere det samfunnsøkonomisk beste tiltaket på våre kantar.  I midten Ole Bjarne Hovland.

 I Ytre Sogn/Sunnfjord har same ulv hatt tilhald i beiteområdet i to år.  Dokumenterte sporteikn i februar dette året syner at ulven er vorten revirhevdande.  Skadefellingsløyve i 2019 vart avslutta 15.oktober.   Søknad frå beitelaga om forlenga skadefellingsløyve vart avslått av Fylkesmannen.   Hjortejakta pågår for fullt i perioden frå 1. september til 1.desember.   At ein ikkje kan nytte denne tida til uttak av ulven er uforståeleg for oss.  Det må vere den mest samfunnsøkonomiske måten å kunne felle ein ulv på heiter det i brevet til departementet.

 Årsmøtet i Sogn og Fjordane Bondelag krev at starttidspunkt for lisensjakt for ulv vert flytta frå 1.desember attende til 1.oktober.  Argumenta som vart nytta då oppstartspunktet for lisensfellingsperioden vart flytta nærmare jul gjeld ikkje her hos oss, avsluttar Hovland.