Det var Stryn Bondelag i samarbeid med Nordfjord Fjordhestlag som hadde teke initiativ til arrangementet der omlag 500 besøkande var innom dørene.  Rørtveit hadde saman med Margrethe Garlid ein aktiv ettermiddag ved utsillingshallen i Stryn sentrum.  - Vi valde å legge tilskipinga til dette området for å synleggjere at området er ein ressurs for kommunen slik det ligg og kan brukast til ulike arrangement.

Fylkesleiar Per Hilleren representerte fylkeslaget på tilskipinga og han kunne melde attende om eit godt arrangement der yngre og eldre kosa seg med ulike aktivitetar og god mat.  Også ordføraren i Stryn, Sven Flo, H kom med ei helsing til arrangørane og dei frammøtte.

Ordførar i Stryn, Sven Flo (H)