-Landbruket er ei godt etablert næring i Flora kommune, og med 300 årsverk er det ei næring av stor betyding, sa ordførar i Flora Bengt Solheim-Olsen då han møtte om lag 40 bønder på Bondekafé i Eikefjorden onsdags kveld. Varaordførar Jan Henrik Nygård følgde opp, og ønskte innspel på korleis lokalpolitikarar kan leggje til rette for landbruket i kommunen. Flora-bøndene sitt svar var at lokalpolitikarar har ei viktig oppgåve med å gje innspel til stortingspolitikarar om korleis stoda er for kystlandbruket, og kva som må til for å sikre framtidig landbruk i området.

Jordbrukssjef i Flora kommune, Annlaug Bolstad, presenterte verdiskapinga frå landbruket og dei mange tilleggsnæringane i kommunen. Landbruksmeldinga som Regjeringa la fram før jul var naturleg nok og eit tema på Bondekafeén. Organisasjonssjef i Sogn og Fjordane Bondelag, Merete Støfring, gjekk gjennom viktige  sider ved meldinga. Etter innlegget vart det opna for spørsmål og debatt. Det vart påpeika at inntektsnivået i landbruket må opp om ein skal kunne nå meldinga sine overordna mål -Eg meiner det ligg mykje positivt i den nye landbruksmeldinga, og det må vi utnytte, avslutta Bodil Hovland Øren frå Eikefjord Bondelag.

 

-Det er mykje positivt i meldinga, og vi bør bruke ho for det ho er verdt, poengterte Bodil Hovland Øren i Eikefjord Bondelag-

 

 

Bondekafé: Fellesstyret for bondelaga i Flora inviterte medlemane til ein kveld med både fagleg og sosialt innhald.-Kjekt og nyttig, vart det konkludert med etter møtet.