Kystskogbruket hadde invitert til møte i Bygstad i går.   Sjå videoklipp i Vestlandsrevyen i går. 3,07 minutt ute i sendinga.

- Vi i Bondelaget blir gjerne med vidare i prosessen og har tru på at dersom vi arbeider klokt so kan vi få gjort noko med desse utfordringne, held Felde fram    For heile landbruket og næringslivet ellers er nedklassifiseringar svært utfordrande.   Mange bruer blir nedklassifisert, og det blir ofte langvarig, grunna svak kommuneøkonomi.   Dette er etter kvart uhaldbart for alt lokalt næringsliv, og spesielt for dei som skapar verdiar kring om på gardane, uansett om det gjeld mjølk, kjøt, skog eller kraftfôrleveransar, seier Felde.

Smale vegar og nedklassifiserte vegar/bruer gjer transporten i våre område meir kostnadskrevjande enn i område med betre vegar.

Transportøkonomisk Institutt ( TØI) skal  køyre ein analyse for Vestland og Rogaland innan 1. november.   Samtidig med denne analysen jobbar Kystskogbruket med å få opp ei statleg ordning, helst via Landbruks- og Matdepertementet (LMD)for å spleise gode prosjekt/ kommunevegutbetringar i kommunane.   Det er både mjølk, kjøt, kraftfor og tømmer som går på desse sentrale kommunevegane.   Den dårlege standarden er ei kvardagsutfordring som vedkjem altfor mange av vegane, held Felde fram.