Fjellmøy vann tevlinga, som vart gjennomført på Fjordhestgarden på Breim, i hard kamp med ei av kyrne til Einar Øygarden i Luster og ei av kyrne til Skeide fellesfjøs i Fjærland.  Ho fekk karakterane 9 av 10 moglege poeng for heilskapsinntrykk og 4,5 av 5 moglege poeng for jur.  Med andre ord ikkje langt unna ei perfekt ku !

Vinnarkua vart fødd i Befringsdalen, i Jostedalsbreen Nasjonalpark.  Kviga vart teken heim fordi ho skulle kalve, men mistanken om at ho kanskje allereie hadde kalva, kom når vi skulle jage ho heim, seier Marit Flatjord.   Ho ville berre snu heile tida.  Kalven vart funnen dagen etter, og det var mange som måtte vere med for å få tak i han, han var lett på beina og redd folk!  - Vi fekk til slutt tak i han på støylen, held Flatjord fram.  For at han ikkje skulle stikke av att, bar vi den på skift fram til parkeringsplassen. Det var her ambulansesjefen i Helse Førde, Stian Kjøsnes, fekk prøve seg med kalvebering. Han er i god form, som kom vel med når kalven sette på motabakken! Trur nok Kjøsnes hugsar godt kalvehentinga, avsluttar Flatjord.

Kyra til Einar Øygarden vann suverent klassen for eldre kyr, og var ikkje langt frå å bli beste kyra på utstillinga.

Tone2 vart nesten beste kyr, men måtte slå seg slått av Fjellmøy.  Her saman med eigarane i Skeide Fellesfjøs i Fjærland.