Namnet på det nye laget er Fjaler og Hyllestad Bondelag. Dei tidlegare laga i dei to kommunane gjennomførte ordinære årsmøte i haust, der samanslåing vart teke opp som tema. Medlemane var positive til samanslåing, og 10. desember fann skipingsmøtet stad på Yndestad gard. Motivasjonen for samanslåinga var mellom anna å leggje til rette for fleire møteplassar for bøndene, og skape eit større fagleg og sosialt miljø. Magne Nordal frå Dale er leiar for det nye laget. Med seg i styret har han:

Nestleiar Ole Ivar Åm Sognnes, Leirvik i Sogn

Kasserar Bente Karin Ulvik, Sørbøvåg

Sekretær Hilde Åsnes, Flekke

Varamedlemar Finn Atle Leirpoll, Flekke, og Endre Risnes, Hyllestad

Det vart halde ordinære årsmøte i både Fjaler og Hyllestad Bondelag, før dei den 10. desember 2012 fusjonerte til eit lag.