Både Hyllestad Bondelag og Fjaler Bondelag har gjennomført ordinære årsmøte der medlemene har gått inn for å slå saman laga.   I desse dagar førebur styra i dei to laga eit felles skipingsmøte som skal vere på Yndestad Gard på Guddal i Fjaler måndag den 10. desember.  - Denne fusjonen synleggjer på ein måte den negative utviklinga som landbruket har i kystkommunane, men på den andre sida ynskjer vi å snu det til noko positivt der vi gjennom eitt felles lag kan legge til rette for både sosiale og faglege møteplassar for bøndene i Hyllestad saman med bøndene i Fjaler, seier Sognnes.

Heilårsbusetnad ei viktig sak

På årsmøtet i Fjaler Bondelag vart medlemene i Hyllestad Bondelag ynskt velkomen til ein fusjon.  På årsmøtet var deltakarane opptekne av att det er lys i alle hus.  Kommunen bør handheve buplikt strengare og dei ynskjer ikkje å få fleire “sommar buplassa”, vart sagt.   Dei ser med gru på om konsesjonslovgjevinga blir endra. Det viktigaste er lys i husa,om ein så lyt selge var tonen frå det årsmøtet.   Busetjing sett i høve til feriebustadar er ei utfordring som er felles for begge kommunane og vert truleg også ei viktig sak å få sett fokus på for styret i det fusjonerte laget når det skal planlegge sine oppgåver.  Men først lyt det gjennomførast felles skipingsmøte med godekjenning av fusjonen, val av nytt styre og godkjenning av nye vedtekter.

 Bilete frå det som kan bli det siste orinære årsmøtet i Fjaler Bondelag.  Leiar Magne Norddal til venstre.