TAKKA AV:  Fylkesleiar Anders Felde (til høgre på bilde), takkar Inge Brekke for innsatsen. 

 

- Eg har vore 2. vara til styret i fire flotte år. For meg har kontakten med styre og andre i bondelaget vore veldig kjekk. Det er mange engasjerte folk som legg ned mykje arbeid for bøndene i fylket og resten av landet. Styret i Sogn og Fjordane har vore flinke å møte på styremøta, men eg har møtt på nokre møter, i tillegg til at eg har hatt god tilgang på sakmailar. For meg har det vore interresant for å vite kva som står på dagorden i landbruket.

Det fortel Inge Brekke. Han ser tilbake på mange gode minner, men høgdepunktet er årsmøta i Norges Bondelag. 

- Det eg hugsar best er vel alle årsmøta i Norges bondelag eg har vore på. Utruleg trykk og energi i dei samlingane. Der treffest dei mest engasjerte i heile systemet kvart år.

 

Møtt masse kjekke folk

PÅ ÅRSMØTE I NORGES BONDELAG: Frå venstre står Nils Magne Gjengedal, Kari Sigrun Lysne, Ole-Ivar Åm Sognnes, Anders Felde, Knut Tore Nes Hjelle, Marianne Kvalvik Kvemme, Inge Brekke, Claus Moe og Merete Støfring. 

 

- Det eg kjem til å sakne aller mest, er alle folka eg har møtt. Då tenkjer eg på bønder, tilsette, politikarar og tillitsvalde. Dei tilsette i Sogn og fjordane, og sentralt i bondelaget meinar eg  er dyktige, og gjer sitt beste for oss som er medlemmar i bondelaget.

For Brekke er det vemodig å gå ut av fylkesstyret, men han følte det var viktig å sleppe nye krefter til. 

- Ja, det var vemodig, men det er nok å gjere på heimebane med å drift og stadige prosjekt på gang saman med nye generasjonar.  Samtidig meinar eg det er viktig å sleppe til nye krefter i bondelaget. At det kom inn to unge bønder i styret i år, meinar eg er veldig bra og framtidsretta.

 

Leiar i Høyanger Bondelag

LEIAR I HØYANGER BONDELAG: Hausten 2018 vart Inge Brekke vald til ny leiar i Høyanger Bondelag. 

 

- Vi er komen såvidt igang med arbeidet i Høyanger, og eg har med meg eit bra styre. Vi har hatt ein pubkveld med litt politikk og mest sosialt for medlemmane. I tillegg har vi vore med å opne ein fjøs, og torsdag er det næringsdag med bønder på plass.

Sjølv om Brekke no er ute av fylkesstyret, går han ikkje tom for arbeid. 

- Det ser ut for å bli eit travelt og spanande år i denne posisjonen også.Til slutt vil eg sei til alle bønder, at vi er heilt avhengig av at politikken er rett for at det skal vere mulig å vere bonde i distriksnorge . Engasjer dykk i bondelaget, og våg å sei ja når de vert spurd om å vere med på laget