Prisen til Årets Unge Bonde er eit samarbeid mellom Norges Bygdeungdomslag, McDonalds og Felleskjøpet Agri. Det er fjerde året prisen vert delt ut, og det skal skje på messa Betre Landbruk på Lillestrøm den 9. november. Blant 200 innkomne framlegg har juryen plukka ut 20 som går vidare til finale. Blant finalistane er det to frå Sogn og Fjordane:

Ole-Ivar Åm Sognnes er 30 år og bur i Hyllestad. Her har han teke over gard med mjølkeproduksjon, og har i dag ein mjølkekvote på 160.000 liter og produserer 70-80 kvalitetskalvar per år. I tillegg driv han eige firma; Åm Sognnes Bygdeservice. Ole Ivar er svært oppteken av kvalitet og utvikling, noko som gjev resultat. Han er aktiv i styret i Fjaler og Hyllestad Bondelag, og er vara til Sogn og Fjordane Bondelag.

Silja Juklestad er 33 år og bur i Jølster. Ho driv med sau, har fjordhestar og ein liten flokk med høns. I tillegg er ho kulturkonsulent og lærar. Silja har fått stønad frå Innovasjon Norge til opprustingar på garden, og er i gong med å ruste opp fjøs og leggje til rette for besøkjande. På sikt tenkjer ho å etablere ein besøksgard med pedagogiske opplegg knytt til garden. Silja har fronta verdien av gardsdrift og jordvern, og er engasjert i organisasjonsliv og kulturverksemd.

Kriteria for å få prisen er at ein er bonde under 35 år, er matprodusent, og at ein kan vere til inspirasjon for at andre skal finne vegen til landbruket.

For at dei to flotte finalistane skal verte blant dei fem som går vidare til superfinale, må du vere med å røyste dei fram! Det gjer du ved å følgje denne lenkja til Facebook.

Ole-Ivar Åm Sognnes er kandidat til Årets unge Bonde