- Dette har blitt ein kjekk tradisjon for mange av medlemmane våra, seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle. Eid Bondelag har for 10. året på rad brukt veka på å rigge sceneanlegget til Malakoff, festivalen som i år igjen tek i mot store artistar frå både inn- og utland. Mykje arbeid ligg bak for å sikre dei 30 000 deltakarane den beste festivalopplevinga, og gjengen frå Eid Bondelag utgjer ein viktig del. Det går rykte om at dei er blant Noregs beste til å rigge sceneanlegg.

Arbeidet starta måndags morgon og har heldt på fram til festivalen byrja på torsdag. No kan dei nyte nokre flotte festivaldagar før nedrigginga tek til etter siste konsert natt til søndag.

Høgt heng dei...

...og blide er dei.

 

 

 

 

 

 

Denne gjengen kan ta seg ein velfortent kvil og nyte festivallivet fram til det skal riggast nedatt.

Kanskje vi kan driste oss til å sei at det ikkje berre er Noreg som treng bonden, men at festival-Noreg treng bonden òg? :)