Ivar Børge Seljeset frå Hornindal har hatt det travelt etter han vart ferdig på naturbrukslinja på Mo i vår. - Eg har btatt over delar av firmaet som far min har dreve, Seljeset Maskin, seier han. Her jobbar han mykje med leigekøyring og rundballepressing. - Det har gått unna siste tida, ler han. I tillegg til dette skal han vere avløysar der det er bruk for det. På sikt skal han ta over garden som foreldra driv i dag.

Korleis har det vore å vere elev på Mo? - Det kan eg absolutt anbefale! Eg har stortrivdes der dei 3 åra eg har gått der, seier Seljeset.

Ivar B. Seljeset 

Ein annan som har planane klar etter endt skuletid på Mo, er Ruben Flatjord Kjøsnes. - Eg har vore so heldig at eg skal få pakte garden til nokon som ville pensjonere seg, so no eg er i oppstartsfasen som bonde, seier han. Kjøsnes skal drive med mjølkeproduksjon. I dag har han ca 15 kyr men tenkjer å utvide etterkvart då det er god plass i fjøsen. - Det blir kjekt! Eg kjenne litt på at eg ikkje er ferdig utlært, men eg har foreldre som er bønder og som hjelpe meg mykje. Eg føle meg egentleg ganske trygg.

Korleis har det vore å vere elev på Mo? - Åra på Mo har vore veldig fine. Det har vore ei lærerik og trygg tid, der du får fordjupe deg i det du har interesse for. Eg kan absolutt anbefale det til alle som har interesse for naturbruk, seier Kjøsnes.

Ruben Flatjord Kjøsnes

Lykke til vidare til alle avgangselevar, det blir spennande å sjå kva de endar opp med å gjere!