- På Vestlandet er det organisert fellingslag for store rovdyr i Rogaland og Sogn og Fjordane,der Aarhus er jaktleiar. Dei to andre fylka har så langt ikkje valdt denne type organisering.

- Rovviltbestanden skal i hovudsak regulerast med lisens- og kvotejakt i beitesesongen. Elles har Staten naturoppsyn i våre område teke ut uønska jerv, delvis som hijakt, der det over ein lenger tidsperiode er teke ut 40 jerv i vårt Rovviltområdet. Dette har dempa konfliktområde for sau/jerv merkbart. Men SNO kan ikkje vere ei sovepute. Jaktrettshavarar og kommunen har eit ansvar for at det vert lisensjakt og kvotejakt om nødvendig og organisert fellingslag for store rovdyr.

- Fellingslaget i vårt fylke er i hovudsak retta inn mot streifdyr som måtte bevege seg utanom sitt forvaltningsområde i andre fylke, men som gjer skade på husdyr i vårt område. Ideelt sett må vårt fellingslag såleis ut av fylket for å trene og simulere slik jakt.

Aarhus viste så til tre situasjonar det det har vore slik fellesjakt på rovdyr i fylket: I 2008, streifbjørn i Jostedalen, lokale krefter i Luster organiserte fellesjakt sjølve, der bjørnen til slutt vart skoten på ein bre i Sogndal kommune.  Fellingslaget for vårt fylket vart så organisert i 2010. Dette året vart det sett inn søk av fellingslaget etter bjørn i Lærdal og jerv i Jostedalen, men utan fellingsresultat. Men det vart ei god øving for fellingslaget, seier Aarhus.

- Fellingslaga får tildelt ei statleg økonomisk ramme på kr. 50.000,- pr. år noko andre fylke har erfart er for lite, til dømes for eit fellingslag på 25 deltakarar. For ein nyleg registrert ulv i Agder var det for lite pengar att i kasen til at fellingslaget kunne utføre jobben sin. Men vi er også heldige så langt at det offentleg gjev tilskot. Dette kan framover i større grad bli grunneigarane og beitenæringa sitt ansvar. Eit godt samarbeid med beitelaga vil her kunne vere ei god løysing.

- Kunnskap og kompetanse er også her stikkordet. Ein kan ikkje, når det er nødvendig, stille med ei dårleg førebudd organisering av fellingslaget og med dårleg jaktkompetanse. Han avslutta med å presisere at det også kan vere nødvendig med eit samarbeid over fylkesgrenser då rovviltet ikkje føl fylkesgrensen på si vandring.

Han avslutta med å konstantere at fellingslaget i hovudsak har vore arbeidslaus så langt - men vil vil heller ikkje ha rovdyr som skadar bufe på beite i våre område.