Forsterkningsdragaren ved sida av eksisterande fagverksdragar.

 

- Det har den seinare tida kollapsa ei rekke fjøsgolv med såkalla fagverksdragar. Grunnen til at dei kollapsar har eg ikkje nokon formeining om, men eg har registrert at det har skjedd.

Geitebonden frå Sogn har difor funne ei løysing på problemet, saman med LMI. 

- Oppfinninga består av ein patentsøkt forsterkningsdragar. Det unike med denne dragaren, er at den kan monterast utan at ein treng demontere plastristene.

 

Sikker på at den fungerer

- Eg er sikker på at den fungerer. Me har mellom anna testa ein forsterkingsdragar på fem meter, med ei punktbelastning på 600 kg på midten. 

Dersom ein skal nytte lengder over seks meter, tilrår Nes at det vert nytta støtte ned til fjøsgolvet. Ifylgje oppfinnaren er systemet sikkert som banken. 

- Eg kjenner meg trygg på at nyvinninga fungerer som den skal.