Nokon av dei som var med på turen

 

- No har me vore på tur med mellom anna styret i Sogn og Fjordane Bondelag, fortel Per-Magnar Sognnes.

Han er styremedlem i Fjaler og Hyllestad Bondelag og fortel ivrig om dagen.

- Me ville syne styret nokre av utfordingane me meiner er spesielle for vårt område.

Ifylgje Sognnes har dei mellom anna mykje myrjord kombinert med nedbør.

-Grasproduksjon er vår einaste sjangse, det er nesten ikkje råd å drive med grønnsaker og poteter her. Det er for vått.

 

Per-Magnar Sognnes

 

Håpar på anna tilskotsordning

Fylkesstyret, fylkeskontoret, lokallaget og jordbrukssjefane i Fjaler og Hyllestad var invitert med. 09.30 var det oppmøte ved Yndestad Gard i Fjaler kommune. Vidare var det busstur med orientering i dei to kommunane. Undervegs var det stopp på garden til Sognnes, før det var orientering attende til Yndestad Gard.

- Me fekk vist fram området og me fekk tatt opp problemstillingane våre.

Kva håpar du vil skje no?

- Eg håpar heile kystsona langs vestlandskysten får inn ei anna tilskotsordning, slik at me får kompansasjon for alle ulempene med nedbør og myr.

Vidare meiner han at små bruk må få meir investeringsmidlar, slik at dei klarar investere.

- Det er mange bygg i Sogn og Fjordane som står for tur, men me har ikkje sjanse til å fornye dei utan eit vesentleg løft. 

 

Fylkesleiar Per Hilleren

 

Ein fin tur

- Me fekk sjå landbruket i Hyllestad og Fjaler. Vidare fekk me  god informasjon om  utfordringane landbruket har der, fortel fylkesleiar Per Hilleren.

Han syns det var ein fin tur og innspela frå Fjaler og Hyllestad Bondelag, tek han med seg.

- Innspela er noko styret i Sogn og Fjordane må ta opp i fellesskap.