Open Gard på Mo er eit årleg arrangement. I år starta det 2.september klokka 12.00. 

 

Sindre Aasen frå Førde Bondelag var ein av dei som grilla. 

 

Det vart grilla både pølser og kotelettar. 

 

Ein tur med gråtass var moro.

 

Det var veldig populært å helse på kyllingane.

 

Ein søt liten kylling. På Open Gard kunne ein møte både kyllingar, kyr, hestar, kaniner, griser og sauer. 

 

Høyhopping var også ein populær aktivitet. 

 

Inne i Cafeen kunne ein kjøpe både natronkaker  og mjølkekaker. 

 

Gode natronkaker laga av Instedalen Bygdekvinnelag. 

 

Mjølkekakene var laga av Førde Bygdekvinnelag. Dei laga også eit glutenfritt alternativ. 

 

Det var mange som tok hesteskyss under arrangementet. 

 

Det var også veldig stas å få ri på hest. 

 

Ei glad ku på Mo. 

 

Klokka 16.00 var arrangementet over. 

 

Open Gard vart arrangert i samarbeid med skulen på Mo. Arrangørar var Bondelaga og Bygdekvinnelaga i Førde og Naustdal.