Staten la tidlegare i dag fram tilbodet sitt til bøndene i årets jordbruksforhandlingar.  Fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag har studert tilbodet i ettermiddag, og er ikkje nøgd med budsjettverkemidlane som er lagt inn i tilbodet.  Dei er eit godt stykke i frå det som krevst for å kunne sikre ei naudsynt fornying av næringa, som kan gjere landbruket i stand til å auke produksjonen i takt med folkeauken, seier Hilleren.  - Eg saknar eit sterkare fokus på distrikt, beite og investeringar i tilbodet, og forventar at det vert betra gjennom eventuelle forhandlingar seier Hilleren.

 

Forhandlingsutvalet vil  setje seg saman å studere tilbodet før dei melder attende til Staten om dei vil starte forhandlingar.

Norges Bondelag sentralt sine første kommentarar