I erstatningsordninga er det ein eigenrisiko på 30% normalavling, noko som tyder at gardsbruk som har over 70% av normalavling ikkje får erstatning. Fôr frå innmarksbeite vert rekna med som avling. Normalavlinga er eit gjennomsnitt av avlingane dei siste 5 åra. For fôrproduksjon på husdyrbruk vert dei 3 (4) siste åra brukte som gjennomsnittsår. Avlingstap kan skje oftare enn kvart 5. år, og ein har difor høve til å stryke det dårlegaste året når ein reknar snittavlinga.

Søknadsfrist er 31.oktober 2013, og ein kan søkje elektronisk via Altinn.

Meir informasjon om utrekningar av normalavling og døme på avlingstap og erstatningar finn du på Fylkesmannen sine heimesider.

Erstatning etter avlingssvikt ved produksjon av grovfôr 2013

Erstatning etter avlingssvikt ved produksjon av bær 2013