På fagturen vil deltakarane møte erfarne Inn på Tunet-tilbydarar på tre gardsbruk, samt representantar for offentleg forvaltning og ein kjøpar av Inn på Tunet tenester.Ein vil få orientering om Inn på Tunet som næring, og kva moglegheiter som ligg i den nasjonale godkjenningsordninga. Målgruppa er unge/komande bønder som er i startfasen med eit tilbod, eller som tenkjer på å starte opp med Inn på Tunet. Fagturen har motteke økonomisk støtte frå Bygdeutviklingsfondet. Deltakaravgifta er på kr. 900, og inkluderer konferansen med måltid og overnatting på Thon Hotell Alta. Påmeldingsfrist er 1. mars 2013.

Meir informasjon om program og påmelding finn du her.