I fjor vann Live Skinnes Askeladdprisen.

 

Askeladdprisen er eit samarbeid mellom Norges Bondelag og Landkreditt, og blir delt ut til unge etablerarar på bygdene. Prisen vil bli delt ut på årsmøtet til Norges Bondelag i juni og er på 30.000 kroner. 

Juryen består av to representantar frå Norges Bondelag, to frå Landkreditt og ein frå Norges Bygdeungdomslag. 

 

Kven kan vinne prisen: 

  • Du er i ferd med, eller har etablert ny næringsverksemd på bygda
  • Du må vera under 35 år
  • Du har synt kreativitet og pågangsmot
  • Verksemda di har bidrege til å skape ein eller fleire nye arbeidsplassar i lokalsamfunnet

Ein kan velje å søke sjølv, eller nominere nokon andre til prisen. Søknadskjema finn ein her. 

Søknadsfristen er 17.april 2016. 

 

For meir informasjon, klikk her.