Saman med Tine, Felleskjøpet Agri og Nortura invitere Sogn og Fjordane Bondelag til to dagar med kurs, god mat, sosialt samvær og andre opplevingar som til dømes besøk på Meieriet på Byrkjelo og bading i nytt flott badeanlegg i Trivselshagen på Sandane.   Hovudbasen for samlinga vert Gloppen Hotell på Sandane fredag den 11. og laurdag den 12. januar 2013. 

- Vi registrerer at mange tek til som bønder for sidan å slutte etter nokon få år, og dette ynskjer vi som organisasjonar å ta tak i.  - Vi har tru på at ei slik samling kan vere med å gje nye brukarar eit nettverk som dei kan ha nytte av vidare i sitt virke som matprodusentar, held Støfring fram.  Utgiftene for opphald vert dekka av arrangørane, men reiseutgiftene dekkast av kvar enkelt.

Program for samlinga finn du her

Påmelding

Medlemstelefonen:        815 02 000 el. medlem.vest@tine.no

Påmeldingsfrist:            21. desember