I Bremanger kommune utgjer vasskraft den største påverknaden av elvar og innsjøar, og arbeidet med forvaltning av vassressursane vil difor dreie seg mykje om dette temaet. Ein del av vassdraga har vore utbygd i lang tid, og dette har gjeve goder til samfunnet. Men kva pris har det hatt for andre interesser, som miljø, friluftsliv og fiske? I kva grad er det teke omsyn til livet i vassdraga? Kva mål bør vi setje for den økologiske tilstanden, og bør det setjast inn nye tiltak for å avbøte uheldig påverknad?

Dette er nokre av spørsmåla det vert arbeidd med i forvaltninga av vassmiljøet. I dette arbeidet er det viktig å samle mest meogleg kunnskap om påverknader og miljøtilstand. Dei som kjenner vassdraga best er lokale brukarar, anten bruken gjeld fiske, bading, vassuttak, naturopplevingar eller anna.

Vassområde Nordfjord inviterer til ope møte om miljøpåverknad frå vassdragsreguleringar i Bremanger kommune.

Stad: Rådhuset i Svelgen

Tid: Måndag 29. april kl. 18.30-20.45

(Det går ferje frå Stårheim 17.25 og retur frå Isane 21.35)

Orienteringar ved

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane - John Anton Gladsø

Norges Vassdrags og energidirektorat - Siss-May Edvardsen

Sogn og Fjordane Energi - Ragna Flatla Haugland og Per Helge Eikeland

Vassområde Nordfjord - Staffan Hjohlman

 

Det vert høve til å kome med innspel til forvaltning av regulerte vassdrag.

 

Les meir om arbeidet i Vassområde Nordfjord her.

Dei som kjenner vassdraga best er grunneigarar og lokale brukarar, og det er viktig å bidra med kunnskap og innspel i arbeidet med vassforvaltninga.