Onsdag 5. mars kl. 18.30 er det Temakveld på Førde Kyrkjetun, der mellom anna miljø og handel med matvarer er tema. -Dette er sjølvsagt tema som Bondelaget har sterke meiningar om, og som vi gjerne vil vere med å diskutere, seier rådgjevar Anita Sæther i Sogn og Fjordane Bondelag. Saman med Gunnar Kartveit frå Kirkens Nødhjelp og Mattias Bergset frå Changemaker, innleier ho til debatt. Etter innleiingane er det rom for spørsmål og diskusjon. -Mat og miljø er tema som vedkjem "alle", og eg håpar mange kjem og vil ta del i diskusjonane, seier Anita Sæther.

Møtet er ope for alle. Invitasjon med program frå Førde Sokneråd finn du her.

Bør pinnekjøtet komme frå Afrika - ut frå klimaomsyn? Bli med i diskusjonane på Førde Kyrkjetun 5. mars.