TRAVEL BONDE: Renate Rendedal.

 

- I år har me cirka 70 sauer som skal få lam.

Det fortel Renate Rendedal, leiar i Balestrand Bondelag. Dei første lamma er alt kome på plass i fjøset i Vetlefjorden.

- Enn så lenge går det veldig bra.

 

Deler døgnet i to

FØDEVESKE: Her har Rendedal lagt dei viktigaste tinga ho treng til lamminga.

 

- Eg og sambuaren min deler døgnet i to. Eg tek nattvakta og første vakta på dagtid. Sambuaren min passar på gjennom ettermiddagen og kvelden.

Rendedal fortel at sambuaren er til fantastisk hjelp.

- Litt utfordringar tek han, men er det feilstillingar må eg trø til. Eg er på ein måte sjefsjordmor.

 

Ferdig i slutten av april

SENG TIL LAMMA: 5-åringen på bruket har laga senga.

 

- Lamminga skal vera over i slutten av april, seier Rendal.

Ho har vore bonde sidan 2013, og i år prioriterte Rendedal ein kort periode for lamminga.

- Eg har ikkje lam på alle, og så treng eg litt tid å hente meg inn før våronna startar for fullt.