- Kjekt å sjå den store deltakinga på denne samlinga, og kjekt å sjå at også mange av dei yngre yrkesutøvarane fann vegen til Skei, held Hilleren fram.  Talet på småfe i fylket er gått kraftig ned dei siste åra, og det likar eg ikkje.  - Vi har gode utmarksbeite som vil vere eigna for småfehald, men vi må samstundes finne gode løysingar for både gjerdehald og økonomi skal vi kunne snu trenden.  Det er samstundes gledeleg å høyre at investeringslysta i næringa er på veg opp og at det er fleire som satsar på ei framtid i næringa.  - Det er viktig å kunne skape møteplassar der det positive framtidsfokuset har hovudfokus, og denne samlinga på Skei opplevde eg som ein svært positiv møtestad for småfehaldarane, avsluttar Hilleren.

God stemning på samlinga for småfehaldarar på Skei