LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde

 

Tørken i sommar kostar bøndene fleire milliardar. Staten bidreg med det som er berekna til å bli 1,3 mrd.  Konsekvensane av klimaendringane kostar i kroner, men har også menneskelege kostnader i form av ein mindre føreseieleg kvardag.

Sogn og Fjordane Bondelag meiner vi må få på plass ein tverrpolitisk tiltakspakke for å møte klimaendringane.   Dersom 2017 og 2018 er ytterpunkta i den nye normalen, so har vi eit problem som partia saman på Stortinget må løyse.   Det å løyve krisepakkar og forsterke avlingsskadeordninga er vel og bra for at bøndene skal halde kreditorane unna, men det er ikkje noko bidrag til å løyse problemet.

Beredskap handlar om å førebu seg på framtidige hendingar som til dømes krig, flaum, ras, tørke og sjukdomsepidemiar.  Tilgang på mat vil vere avgjerande i alle former for kriser.  Tørken i år var ikkje eit problem berre i Norge, store deler av Europa og andre verdsdelar var også ramma.   Det fører til større transport av mat og fôr over verdshava som igjen svekker mattryggleiken både nasjonalt og globalt. Kjem det fleire slike tørkeår etter kvarandre, kjem problema verkeleg til syne.  Ein effektiv matproduksjon basert på rekordavlingar og intensiv drift toler ikkje dei framtidige klimaendringane.  Ein må difor få eit politisk forlik med løyvingar som over tid legg til rette for ein matproduksjon som tåler både ekstrem tørke og ekstrem nedbør.

Dagens matproduksjon har eit godt utgangspunkt for å vere rusta for framtida.  Vi har ein spreidd matproduksjon over heile landet.  Eit stort og variert land, der klima er til dels ulikt.  Å vere mange bønder er ein fordel då det gjev ulik kompetanse og stor arbeidskraft.  Verkemiddel for å klimatilpasse norsk matproduksjon må vere retta mot heile landet.  Det må vere mogleg for både små og store gardsbruk å gjere seg nytte av verkemidlane, slik at vi framleis kan ha ein desentralisert matproduksjon der areal i heile Noreg vert brukt til å produsere mat.

Tre hovudverkemiddel må på plass i ei beredskapssatsing for norsk matproduksjon:  
1) Investeringspakke knytt til beredskap og klimatilpassing
2) Fondsordning knytt til klimatilpassing og klimatiltak på gardsnivå
3) Flytting av løyving til drenering over i Regionalt Miljøprogram  med
     høve til lokal tilpassing.

Investeringspakken bør knytast til dagens løyvingar til investering og bedriftsutvikling i landbruket, men må kome som ein eigen post i statsbudsjettet og ikkje gjennom jordbruksforhandlingane. For kvar krone staten bidreg med, legg bonden minst 3-5 kroner på bordet.   Ein bør kunne prioritere både korntørker og kornlager på gardsnivå.    Eit beredskapslager for korn spreidd over kornområda med funksjon både som lager i gode kornår, og som ein buffer i forhold til beredskap vil vere framtidsretta. 

Infrastruktur til vatning bør også vere ei satsing, med ekstra vekt på fellestiltak. Reint vatn er ein av våre konkurransefordelar i matproduksjonen.  Vi har store elvar som renn forbi sjølv under ekstremtørke, men infrastruktur til å nytte dette har det ikkje vore satsa nok på.  I Lærdal i Sogn og Fjordane tok ein allereie på 1800-tallet tak i fellestiltak for å få vatn tilgjengeleg for større deler av bygda.  Også på 1970 og 1980 talet var det verkemiddel for å få auka moglegheita til å vatne. Infrastruktur er rørgater, pumper, grøfter og alt anna som får vatnet fram til garden.

Fondsordninga kan løyse fleire problem. Større variasjon i inntektene er ein følgje av klimaendringar.  Ei fondsordning med inntektsutjamnande verknad vil treffe svært bra, og vil avlaste risikoen for den aktive bonden.  Ein annan vri på fondsordning vil kunne vere å knytte den til eit breitt sett av klimatilpassing og miljøtiltak.  Her vil det vere ei mengde ulike investeringar i dei ulike produksjonane som vil kunne vere aktuelle.

Ei flytting av dreneringsmidlane til det regionale miljøprogrammet vil gjere desse midlane langt meir attraktive enn i dag.  Nasjonale retningsliner på dette gjer at ordninga i realiteten er langt betre i lettdrivne område i forhold til andre meir tungdrivne områder.  Kostnadsskilnaden mellom grøftehjul og grøfter der dynamitt må til er enorme.  Slik kan vi ikkje ha det om vi skal klimatilpasse heile norsk landbruk.  I det regionale miljøprogrammet vil ein kunne lage retningsliner som passar i kvar enkelt del av fylka, og soleis også få gode ordningar der utfordringane med nedbør er størst.

Ein beredskapspakke på fleire milliardar kroner som ei 5-10 årig tverrpolitisk satsing for å sikre Norge si evne til å produsere mat i eit meir ekstremt klima er framtidsretta. Vi har eit nasjonalt og internasjonalt ansvar for å sikre matproduksjonen til eiga befolkning.  Statsbudsjettet er like om hjørnet. Vårt råd er å samle Stortinget kring ei stor beredskapssatsing på framtidig matproduksjon, og det hastar med å kome i gong.