Ekstremver i Jølster og Gloppen

Publisert 31.07.2019
  • Tips en venn om denne siden

Tysdag ettermiddag var det brått slutt på godvêrsperioden for delar av Jølster og Gloppen kommune. Ekstreme, lokale nedbørsmengder på kort tid førte til fleire ras og elvar som fann nye løp ned fjellsidene. Onsdag føremiddag er framleis fleire vegar stengde, bygder isolerte og mange sit utan straum og dekning slik at dei ikkje får kontakt med familie og vener.

- Det er vanskeleg å få oversikt over skadeomfanget, men ut frå det vi har fått høyre kan delar av Jølster reknast som katastrofeområde. Vi har ikkje lukkast med å få kontakt med dei som er råka i Gloppen då dei er utan dekning så der veit vi ikkje korleis det går, seier Anders Felde. - Det vi kan sei så langt er at det er enorme skadar på dyrka mark der fleire hundre mål er øydelagde. Skogsvegar er radert vekk, tømmer øydelagt, reiskapshus er vekke, og store mengder rundballar er øydelagde eller på avvegar. Det er ein temmeleg fortvilande situasjon, spesielt no når det er avklart at det er ein mann som er sakna. Det er det mest tragiske som kunne skje, og vi føler med dei pårørande. Det er truleg òg gått med nokre sauer i ras som gjekk gjennom beiteområder på sørsida, seier Felde.

- Vi rådar bøndene i Jølster og Gloppen til å sjå til dyra som går i utmark og på beite, sikre at dei ikkje er innesperra av nye elveløp, og at dei har tilgang på mat og vatn. Det kan vere utfordrande å få levert mjølk og kraftfôr, så dette må takast høgde for. Dersom ein ser at ein er i ferd med å gå tom for kraftfôr kan det vere lurt å begynne å tenke på alternative løysingar for dette. Vi oppfordrar òg bøndene til å vere kreative og sikre at dyra har tilgang på vatn, seier Felde. 

Bilete av skadane på Slåtten frå morgontimane onsdag. Store mengder jord, tre og stein har kome ned fjellsida og ut på dyrka mark.

 

Ta kontakt med ditt lokale bondelag

- Vi vil òg oppfordre bøndene til å ta kontakt med dei lokale bondelaga eller med Sogn og Fjordane Bondelag dersom nokon har praktiske problem med å få drifta til å fungere, så skal vi gjer det vi kan for å hjelpe, seier Felde.

Frå Slåtten, raset har heldigvis stoppa før det nådde husa.

 

Naturskadeerstatning

Vidare er det no viktig at alle bønder tar bilete av skadane som har oppstått, ta heller for mange enn for få. Det er svært viktig at skadar blir dokumentert for å kunne søke om naturskadeerstatning. Naturskadeordninga dekkar skade på objekt det ikkje er mogleg å forsikre mot naturskade gjennom alminneleg privat forsikringsordning. Dette kan vere vegar, bruer, jord- og skogbruksareal. Vanlege forsikringar dekkjer skade på mellom anna hus, innbu, hageanlegg, bilar, maskiner, utstyr og båtar. Det som avgjer om du kan søke erstatning er om objektet kunne vore forsikra, ikkje om det faktisk var forsikra. Ordninga gjeld for utbetring av skade, ikkje for forbetring av standard eller sikring mot nye skader. Indirekte skade som tap etter straumbrot og stans i drifta vert ikkje dekka som naturskade, same gjeld tapt eler øydelagt avling.

Naturskade skal meldast på eit digitalt søknadsskjema. Skjemaet og meir informasjon om naturskadeordninga finn du HER. Fristen for å søke er 3 månadar etter skaden har skjedd. Søkar er ansvarleg for å dokumentere skaden og kostnaden med reparasjonane, og det er difor viktig med gode bilete av skaden og kart som viser skadestad.

Dersom kostnadane er under 50 000 kr, kan søkar dokumentere dette med eige oppsett og bilete. Ved større kostnadar krevjast det anbod, og dersom kostnadane er over 200 000 kr skal det dokumenterast med minst 2 anbod eller takstrapport frå autorisert takstmann. Det kan òg søkast om erstatning for meirkostnadar og redningskostnadar (sjå forskrifta kap. 2 og 3).

 

Kven kan søke?

  • Alle private eigarar
  • Personar med leigejord (må avklarast med eigar kven som søker)
  • Veglag og foreiningar (må ha organisasjonsnummer)
  • Tomtefestarar og andre rettigheitshavarar

Utrekning av erstatningssum

Skadelidande blir belasta ein eigenandel som er 30 % av dei første 100 000 kr og 15 % av beløpet som overstig 100 000 kr.

Framgangsmåte:

  1. Avklar med forsikringsselskapet ditt om du er dekka av forsikringa
  2. Dersom du er det, be forsikringsselskapet sende takstmann for vurdering av skaden
  3. Er du ikkje dekka av forsikring må skaden dokumenterast med bilete og eventuelt anna dokumentasjon
  4. Få pris på reparasjon av skaden
  5. Søk erstatning via Statens naturskadeordning på Landbruksdirektoratet

Dette gjeld skadar på vegar, bruer, kaiar og moloar, skog – med årsak flaum og skred, samt andre byggverk som ikkje er dekka av vanleg forsikring og jordbruksareal.

For bønder som har fått skadar på leigejord: Avklar med eigaren av jorda kven som skal reparere arealet. Den som leiger areal kan få erstatning for reparasjon av arealet dersom grunneigar gjev fullmakt til dette.

Ein konsekvens av øydelagt areal kan vere avlingssvikt. Dette må søkjast erstatning på separat og må meldast inn til kommunen so snart råd er.

For meir informasjon om naturskadeerstatningsordninga, sjå HER.

Slåtten i Jølster.

Tid for saktemat

Lammelår er for mange ein like viktig del av påska som påskekrim, påskeegg, påskeharen og påskelabyrinten. Her kjem tips til påskeklassikaren, kanskje du skal grave den ned?

Ringorm-seminar

Ringorm-seminar

3.mars vart det arrangert ringorm-seminar i Oslo, sjå seminaret på video her.

- Eg ser lyst på beitesesongen

- Eg ser lyst på beitesesongen

Landbruks- og matdepartementet har fastsatt reglar som gjer det mogeleg å bruke ulike typar salt til beitedyra i Nordfjella.

Her underviser Gert Runar elevane

Her underviser Gert Runar elevane

Gert Rune Rørvik underviser på Mo og Øyrane vidaregåande skule, avdeling Mo. For tida har han nettundervisning for elevane grunna koronaviruset. Heimekontoret deler han med borna sine.

Våre samarbeidspartnere