FRÅ VENSTRE: Joakim Aase, Anni Aase, Odd Vonen, Atle Kringlen, Vidar Heggheim, Arild Herstad og Olav Birkeland. 

 

Naustdal Bondelag er eit lag med mykje aktivitet. I år hadde dei studiesirkel kring Jordbruksforhandlingane, dei stilte opp på lokale arrangement og dei hadde god aktivitet under aksjonane i vår. Vidare er dei særs gode på å verve, og i 2016 vart dei kåra til årets lokallag i Sogn og Fjordane. 

Laget har skrive ei fylldig årsmelding, og har god økonomi. Dei har også ei aktiv Facebookside for dei som er medlem i laget. 

 

På møte vart det mellom anna diskusjon kring følgjande saker:

  • Kommunesamanslåing.
  • Overskotet på lammekjøtt. 
  • Medlemmene ynskjer fagdag. 
  • Fokus på hjorteutfordringar og kvoteprisar.

 

Nytt styre: 

Leiar: Arild Herstad

Nestleiar: Atle Kringlen

Kasserar: Olav Birkeland

Sekretær: Anni Aase

Styremedlem: Joakim Aase (ny i styret)

Styremedlem: Vidar Heggheim 

1.vara: Odd Vonen

2.vara: Aud Slettehaug