Endeleg er tida komen for at epla skal haustast, og hjå dei mange eplebøndene i fylket heng greinene tunge i flotte epler som snart er å finne i butikkane. Dei norske epla er fantastisk gode å ete som dei er, men ein god måte å syte for at ein kan nyte dei utover vinteren er å lage eplemos og eplesaus av dei. Eplemos ein god måte å utnytte epler som gjerne er av ukurant storleik, har fått skadar eller har ramla på bakken. Kombinerar du dette med å lage eplesaus av skrottar, skrell, nedfallsepler og mjuke epler, er dette ein god måte å syte for minst mogleg svinn. Dei norske epla er betre eigna til å lage eplemos av enn mange av dei utanlandske epla då dei lettare fell saman.

Ca 2 kg nedfallsepler og småepler. Kanskje ikkje dei flottaste å sjå til, men fullt brukande og veldig gode på smak.

 

Slik lagar du eplemos:

ca 1,5 kg norske epler (bruk gjerne ulike typar)

1,5 dl vatn

ca 150 g sukker (smak til, mengde kjem an på kor søte epla dine er)

Skrell epla og ta ut epleskrottane (ikkje kast dette!), del dei i grove bitar og ha dei saman med vatnet i ein kjele. Gje epla eit godt oppkok, skru ned varmen og kok til epla er passe møre. Smak til med sukker og eventuelt andre smakar, til dømes sitronsaft eller kanel. Eit anna tips er å erstatte ca 1/3 av sukkermengda med brunt sukker. Då får eplemosen litt karamellsmak og ein mørkare farge. Prøv deg gjerne fram, og finn den smaken du ynskjer på eplemosen din.

Når eplemosen er avkjølt, tømmast den over i passande pakningar og frysast ned.

Ferdig eplemos klar for avkjøling. Denne vart tilsett brunt sukker og kanel.

Ikkje kast epleskrottane og -skrellet. Dette lagar du ein smakfull eplesaus av som passar godt å ha på dessertar, graut eller rett på brødskiva. Her kan ein òg hive oppi nedfallsfrukt og andre epler som ikkje er fristande å ete (berre pass på at dei ikkje er blitt dårlege/mugla). Perfekt måte å bruke dei aller minste epla då du slepp bruke tid på å skrelle dei.

Kokast i ein eigen kjele, samtidig med eplemosen.

Oppskrifta er svært så enkel:

Ha alt skrell og skrottar frå eplemosen, samt oppdelt nedfallsfrukt og liknande i ein kjele, tøm over ca 1 dl vatn og kok til alt er fullstendig gjennomkokt. Tøm innhaldet over i ein sil og rør rundt til kun dei tørre delane er igjen i sila. Tilsett sukker og eventuelt andre smakar etter ynskje i sausen. Kjøl ned, ha over på passande pakningar og frys.

Ca 2 kg epler vart til 1,5 l eplemos og ca 1 l eplesaus som skal frysast og brukast i bakst, dessertar og pålegg på skiva utover vinteren. Den mørkaste sausen vart laga på kun skrell og skrottar, dei to lyse posane vart laga på nedfallsfrukt og er difor lysare i fargen.

 

Oppskriftene er henta frå Elin Vatnar Nilsen sin blogg.