Merete Helgheim

 

- Eg meinar dagen var veldig vellukka, seier Merete Helgheim.

Ho er styremedlem i Jølster Bondelag og var med på å arrangere dagen. I år hadde dei, saman med Gaular Bondelag og Bygdekvinnelaga i Jølster, ansvaret for arrangementet. 

- Dagen på Mo er viktig. Eg trur det er mange ungar som ikkje har kontakt med dyr dagleg, så då er det fint at dei kan kome her å sjå på mellom anna høner, kaniner og sauer. 

Korleis er det å vera med på å arrangere Open gard?

- Det er kjekt, spesielt når så mange tek turen.   

 

 

- Kjekt å sjå at folk kosar seg

Hildegunn Huus

 

- Eg har selt kotelettar i dag, og her har det vore folk heile tida. 

Hildegunn Huus er med i Årdal og Helgheim Bygdekvinnelag. Ho meiner det er viktig å syne fram Bygdekvinnelaga, fordi dei gjere ein god jobb. Vidare meiner ho det er bra reklame for Bygdekvinnelaga å vera med på å arrangere dagar som dette. 

- Det er mykje arbeid å lage til ein slik dag, men når me fyrst er i gang, er det veldig moro.  

Kva er det som gjere det moro?

- Å prate med mennesker og sjå at folk kosar seg med både dyr og norsk mat.