Ny veke betyr ei ny lokallagsrunde. I Balestrand kan lokallagsleiar Renate Rendedal fortelje at ungdyra i storfefjøsa er komme ut på beite, grønsakene er komne i åkrane og sauene har som smått fått komme i skogen og på heimestølane. Varmen som kom gjorde godt også her, så no er grasavlinga komme til normalen og slåtten er forventa å gå nogonlunde som vanleg. Dei var ei tid beskymra for plommene som blomstra under regnperiode og delevis snø tidleg i mai. Då hadde dei avskrive plommer for i år. Dei hadde i tillegg eit dompappsangrep i vinter i opal, som er bestøvingssort. Dei er heilt renska for knoppar. Heldigvis ser dei no antydning til frukt i malard og jubileum. Så no er håpet tilbake, spesielt med dei gode temperaturene vi har no. Eple, som har blomstra ei stund no, ser og lovandes ut. Dei er i tillegg kjempestolt over å fått vite at Dølahesten Naustvoll Bajas som er fødd i Balestrand skal være avlshingst på Lenningen hesteavslsseter i sommar.

 

Kyrne kom ut på Mæland i dag, luftar seg frå Balestrand sin fyste mjølkerobot.

Frukttre i bløming - eplesesongen ser lovandes ut.

Dølahesten Naustvoll Bajas frå Balestrand skal vere alvshingst på Lenningen hesteavslsseter i sommar.

På Vikdalen kunne lokallagsleiar Erlend Brede Fossen fortelje om store variasjonar innanfor eit lite geografisk område. I Viksdalen sentrum på vel 150 moh byrjar det å nærme seg slått medan det på gardane lengst til fjells (omlag 400 moh) vart køyrt møk denne veka. Det er ca 13 km å køyre imellom. Lokallaget har hatt plastinnsamling 
denne vekla. To store kontainarar har dei fylt opp. Rikeleg med snø i fjellet, så så sauene til Erlend skal truleg ikkje til fjells før i juli. I 2015 vart ikkje sauane til Erlend sendt til fjells før nokon dagar ut i august, så truleg blir årets sesong betre tiltrass for mykje snø.  Innimellom arbeid med sau og kyr driv lokallagsleiaren med litt fornying av eng. 

Fornying av eng på Viksdalen hos Erlend

                Fylt 2 kontainarar med plast.         Sauane kosar seg på beite med godt grønt gras. 

Godt å komme seg ut på bøen til det deilige grøne graset

I Kjølsdalen Bondelag kunne leiaren Bjørn Aardal melde om mykje førebuing til slått og åkerarbeid. Fleire bønder dsom held på med dyrking og nybrotsarbeid. Nyttar fineveiret og ventar på at slåtten skal starte.  Dei med sau ventar på å kunne sleppe sau i utmark. Veldig mykje snø i fjella, så seint beiteslepp i år. I dag har Bjørn deltatt på Markvandring i regi av Norsk Landbruksrådgivning. I øvre Kjølsdalen er dei siste poteten blitt satt i jorda. Hjorten tek sin del av grase på bøane i bygda.  

Litt kos skal det vere under markvandring i Kjølsdalen

Hjorten tek sin del 

Siste potetene vart satt i jorda i øvre Kjølsdalen

 

Med ynskje om ei riktig god helg!