Sogndal Bondelag hadde fått til ein flott Open Gard på Fretland. Det blide vertskapet sto for flott velkomst med god info. Alle skreiv seg inn i boka, og vart med i trekninga av ei flott korg med lokalmat. 

 

Rundt 300 besøkande fekk sjå ein flott gard med mange ulikd dyr, maskiner og gammal historie. 

 

Sjølv om det regna, var det likevel kjekt å besøke garden på Fretland. 

 

Bondelaget hadde ansvar for grillmat, medan bygdekvinnelaget selde kaffi og kaker. 

 

Delar av låven var laga til med bord og benkar. 

 

Program for dagen. 

 

På Freland var det mykje moro å finne på, både for store og små. 

 

Det var kjekt å hoppe i høyet. 

 

 

 

FOTO OG TEKST: Ole Bjarne Hovland.