Ordførar Ivar Kvalen i Luster inviterte Landbruks -og matminister Trygve Slagsvold Vedum til ein fag- og inspirasjonsdag i kommunen. -Me meiner det er flott at ordføraren vår syner initiativ til "Bondens dag" og lukkast med å få ministeren hit, seier leiar i Hafslo Bondelag, Claus Rumohr Moe. Saman med leiarane av dei andre lokale bondelaga i Luster, kvitterer han på at ordføraren ser bøndene og tek dei og næringa på alvor. -Kvalen er ein ekte bondeven, meiner Moe. Og ettersom ministeren var på vitjing fekk han oppgåva med å overrekke diplom og Bondeven T-skjorte.

Ordførar i Luster, Ivar Kvalen kan smykke seg med tittelen Bondevenn