Når det gjeld gjennomføring av Open Gard vil Bondelaget fylgje myndigheitene sine retningslinjer, og det vert opp til det enkelte lokallag å vurder om det er mogeleg å gjennomføre Open Gard som eit fysisk arrangement i år.

Dette vil mellom anna vere avhengig av mogelegheitene til å ivareta smitteverntiltak, forventa antal besøkande, kapasiteten i lokallaget, lokal smittesituasjon etc. Bondelaget vil avvente situasjonen fram til 15.juni før det vert gjeve endeleg råd om gjennomføring av fysiske arrangement, og påmeldingsfristen er også utsett fram til 15.juni.

For arrangørar som ynskjer meir informasjon om Open Gard, les meir på Bondelaget. no.

 

Norges Bondelag inviterer til digital Open Gard

Søndag 23.august inviterer Norges Bondelag til ei digital utgåve av Open Gard. Der blir det både livesending og førehandspubliserte innslag.

Bondelaget håpar at bønder og lokallag blir med å lagar innslag frå sin gard, og at mange vil fylgje Norges Bondelag gjennom dagen.

Meir informasjon både om korleis ein kan bidra, og om program kjem.