- Det har vore utruleg lærerikt og moro, tenk at eg skulle klare å få til å dyrke alt det gode her, seier Renate Rendedal med eit stort smil. På Rendedal Gard i Vetlefjorden har ho denne sommaren laga sin eigen marknadshage på ca 1,5 mål. - Eg har alltid hatt ein åker med poteter og grønsaker for eige bruk, men i fjor meldte meg på eit kurs om marknadshage og tok steget ut og dyrka opp ein åker med grønsaker for sal, fortel Rendedal. Åkeren ho hadde hatt vart utvida, og fleire typar grønsaker og urter fekk plass. Her finn ein mykje forskjellig: sommarkål, blomkål, brokkoli, hovudkål, knutekål, grønnkål, raudkål, gulerøtter, nepe, fennikel, urtar, ulike typar salat, bondebønner, graskar, poteter, reddikar og sukkererter. I tillegg har ho planta rader med blomar som både er dekorative men viktigast av alt, gode for insektslivet. - Vi må hugse å ta vare på både det som føregår under og over jorddekke, alt heng saman.

Rendedal såg føre seg at ho skulle forvelle og sylte ein del av grønsakene slik at ho kunne vere sjølvforsynt lenger ut over hausten og vinteren. - Slik det ser ut no blir det ikkje mykje i eigen frys. Eg har fått solgt alt eg har dyrka, og det har gått over all forventing, seier Rendedal. Kundane hennar har i hovudsak vore lokale hotell og serveringsstader, nærbutikken, REKO-ringen og nokre private som har tatt kontakt. - Det har ikkje vore problem å omsetje grønsakene, tidvis kunne eg nok hatt endå meir.

Frodig og grønt i åkeren på Rendedal Gard.

Rekke på rekke med godsaker - både grønsaker, salatar og blomar.

Fennikel, salatar og knutekål.

 

Marknadshagekurs - etablering og drift av småskala grønsaksproduksjon

Hausten 2019 deltok Rendedal på kurset "Etablering og drift av marknadshagar", eit kurs i regi av Bondens Marknad, NLR Økologisk og NLR Vest. Vestland fylkeskommune har gitt stønad til prosjektet. Gjennom tre 2-dagars samlingar og sju webinar, fekk dei 30 deltakarane gå gjennom heile spekteret frå planlegging, etablering og drift av grønsaksproduksjon som marknadshage. - Dette er absolutt noko eg kan anbefale til andre som er interessert i å dyrke grønsaker for sal. Veldig lærerikt og spennande, samstundes som at dei fokuserte på at det skulle vere gjennomførbart, ein skulle ikkje jobbe seg i hjel og det skulle gi økonomisk gevinst, fortel Rendedal. 

Marknadshage er småskala grønsaksproduksjon som vert omsett lokalt. Det dreiar seg om å dyrke intensivt på 1-5 dekar med faste bed i eit vekstskifte. Dette er ein god måte å drive på her på Vestlandet då me har eit mildt klima med mange småareal som er godt eigna for å dyrke grønsaker. Vestland har eit mål om å ha 10 nye marknadshagar i fylket innan 2021. Slik skal ein vere med på å auke sjølvforsyninga i regionen.

 

Held fram til neste år

Sommaren med marknadshage har gitt meirsmak. - Eg kjem nok til å halde fram med marknadshagen. Det første året blir alltid eit "prøve-og-feile"-år, so no har eg mykje erfaring om kva som fungerar og kva som eg eventuelt må gjere annleis til neste år, fortel Rendedal. Arbeidet har ho utført for hand og med utstyret ho allereie hadde på garden, einaste investeringa i år har vore frø/plantar og ein brakkingspresenning. - Til neste år kjem eg nok til å investere i enkle hjelpemiddel som gjer arbeidet meir effektivt, men ikkje noko tungt og dyrt utstyr.

Kampen mot ugraset har blitt enklare med ein brakkingspresenning. Den svarte presenningen tek til seg sollyset og varmen, og med ei sølvfarga underside vert varmen reflektert nedatt i jorda. På denne måten vert ugraset under presenningen "kokt". Ugraset blir kompostert, det blir meir godsaker for jordlivet og ein sparar seg arbeid med luking.

Tang kan vere ein god ressurs i åkeren. - Eg tok med eit par bæreposar med tang frå badeturane våra og la det kring noko av løkane for å teste. Det vart faktisk tydeleg skilnad i storleiken på dei løkane der eg hadde hatt tang på og der eg ikkje hadde hatt det på.

Ein stor og flott blomkål som nærmar seg haustedato.

Raudkålen veks og nærmar seg hausting.

Meld deg på årets kurs!

Har du lyst til å prøve deg som grønsaksdyrkar? Søknadsfristen er 1.november, og søknad og påmeldingsskjema finn du HER.

For meir informasjon, sjå Fylkesmannen i Vestland og Bondens Marknad.