- Generalsekretær i Norges Bondelag, Per Skorge og nestleiar i fylkeslaget Ole-Ivar Aam Sognnes vil også sitje i panelet og svare på alle spørsmål som måtte kome inn,  så eg oppmodar alle lokallaga om å førebu spørsmål til Sprøjetimen på møtet sin andre dag held Felde fram

 

Politikk og organisasjon

Første dagen er sett av til ein gjennomgong av den politiske situasjonen etter Stortingsvalet.  Per Skorge og politisk redaktør i avisa Nationen Kato Nyqvist vil innleie til debatt.   Det er også sett av god tid til å drøfte arbeidet i lokallaga den første dagen.  Leiar i Dovre Bondelag, Bjørnhild Vigerust, har takka ja til å fortelje om deira arbeid og korleis ein kan gjere lokallagsarbeidet til ei sann glede :)

 

To deltakarar frå kvart lokallag er invitert til møtet, og eg håpar verkeleg at lokallaga prioriterer dette viktige møtet for organisasjonen, avsluttar fylkesleiar Anders Felde.     Du finn programmet for heile Leiarmøtet her