Eidabønder vert invitert med inn i framtida
- Det er viktig å fokusere på framtida for yrket vårt og på dei moglegheitene som ligg der seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle. Onsdag den 8. februar klokka 20:00 inviterer Eid Bondelag i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane til debattmøte om framtidsbonden i Eid.
Både banksjef Arvid Andenæs og meieriestyrar Torkhild Heieren står på innleiarlista på Nordfjord Hotell. Det same gjer styremedlem i Sogn og Fjordane Bondelag Nils Magne Gjengedal. Fokuset vil vere på korleis ein kan oppretthalde dagens produksjon og auke denne samstundes som ein gjennom investeringa kan greie å sikre ein god økonomi.
Her finn du heile programmet for møtet.