Eid Bondelag kåra til årets lokallag i Norges Bondelag
- Vi har bestemt oss for å vere ein viktig aktør i vår kommune, og det krev at vi engasjerer oss og er synlege i kommunen seier leiar i Eid Bondelag Knut Tore Nes Hjelle. Onsdag kveld kunne han stolt ta imot prisen som årets lokallag på årsmøtet i Norges Bondelag på Lillehammer.
I si takketale la Knut Tore også vekt på kor viktig det er å bygge organisasjonen Norges Bondelag nedanfrå dersom ein skal greie å oppretthalde slagkrafta over heile landet.
Kriteria for tildeling av prisen Årets lokallag er: Generelt høgt aktivitetsnivå og mange ulike typar arrangement, godt samarbeid med andre lag og foreingar i bygda, deltaking under aksjonsdag i samband med jordbruksforhandlingane, god kontakt med det politiske miljøet, vere godt synleg i lokalmiljøet, gode oppslag i lokal presse, evne til å utvise kreativitet og nytenking og god oppfølging av medlemer og godt organisert arbeid med medlemsverving.
I grunngjevinga frå juryen heiter det følgjande om Eid Bondelag
- Lokallaget arrangerer ei rekke sosiale aktivitetar, mellom anna grillkveldar og akekveld, og deltek aktivt med scenebygging under bygda sin rockefestival.
- Laget driv generelt eit godt organisasjonsarbeid og arbeider målretta mot ungdom og tilflyttarar under i lokale næringslivsdagane.
- Lokallaget sine medlemer og tillitsvalde er aktive under aksjonsdagar og laget har også hatt fokus på HMS-arbeid gjennom fleire HMS-kurs.
- Laget har saman med det øvrige næringslivet engasjert seg mot nedlegging av lokalsjukehus.
- Laget arrangerer fagmøte med tema som til dømes beskjæring av frukttre.
- Lokallaget sin nestleiar fekk sine 7 sekund med berømmelse gjennom hovudrolla i ein reklamefilm for kommunen. Rykta vil ha det til at han var den einaste med nyvaska traktor på innspelingsdagen.
- Lokallaget er eitt av tre lokallag i denne kommunen og har over 240 medlemer. Laget er dermed mellom dei største i Sogn og Fjordane.
Prisen på kroner 30.000 med tilhøyrande diplom vart delt ut under årsmøtemiddagen til Norges Bondelag på Lillehammer onsdag kveld.
Kontakt: Leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, 977 49 491