Det var ein stolt leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle som kunne ta imot prisen for årets lokallag 2011.I si takketale la Knut Tore også vekt på kor viktig det er å bygge organisasjonen Norges Bondelag nedanfrå dersom ein skal greie å oppretthalde slagkrafta over heile landet.

Kriteria for tildeling av prisen Årets lokallag er: Generelt høgt aktivitetsnivå og mange ulike typar arrangement, godt samarbeid med andre lag og foreingar i bygda, deltaking under aksjonsdag i samband med jordbruksforhandlingane, god kontakt med det politiske miljøet, vere godt synleg i lokalmiljøet, gode oppslag i lokal presse, evne til å utvise kreativitet og nytenking og god oppfølging av medlemer og godt organisert arbeid med medlemsverving.

 I grunngjevinga frå juryen heiter det følgjande om Eid Bondelag

  • Lokallaget arrangerer ei rekke sosiale aktivitetar, mellom anna grillkveldar og akekveld, og deltek aktivt med scenebygging under bygda sin rockefestival.
  • Laget driv generelt eit godt organisasjonsarbeid og arbeider målretta mot ungdom og tilflyttarar under i lokale næringslivsdagane.
  • Lokallaget sine medlemer og tillitsvalde er aktive under aksjonsdagar og laget har også hatt fokus på HMS-arbeid gjennom fleire HMS-kurs.
  • Laget har saman med det øvrige næringslivet engasjert seg mot nedlegging av lokalsjukehus.
  • Laget arrangerer fagmøte med tema som til dømes beskjæring av frukttre.
  • Lokallaget sin nestleiar fekk sine 7 sekund med berømmelse gjennom hovudrolla i ein reklamefilm for kommunen.  Rykta vil ha det til at han var den einaste med nyvaska traktor på innspelingsdagen.
  • Lokallaget er eitt av tre lokallag i denne kommunen og har over 240 medlemer. Laget er dermed mellom dei største i Sogn og Fjordane.

Prisen på kroner 30.000 med tilhøyrande diplom vart delt ut under årsmøtemiddagen til Norges Bondelag på Lillehammer onsdag kveld. 

Kontakt:          Leiar i Eid Bondelag, Knut Tore Nes Hjelle, 977 49 491

Prisen vart delt ut av årsmøteordførar Odd Christian Stenerud