Eid Bondelag fekk tildelt utmerkinga på årsmøtemiddagen til Sogn og Fjordane Bondelag på Skei.  Eid Bondelag har gjennom nok eit år gjennomført eit godt og allsidig lagsarbeid med mange organisasjonsaktivitetar. Mellom anna retta inn mot inn mot politisk leiing og næringslivet i kommunen, og gjennom landbruksretta samarbeidstiltak med ungdomsskulen.  Lokallag skipar også til møte med ulike fagtema og legg vekt på det sosiale i lagsarbeidet gjennom å legge til rette turar og arrangement for medlemmene.  Lokallaget er også med sin dugnadsinnsats ein av bærebjelkane i gjennomføringa av Malakoff Rockfestival.   Eid Bondelag vil også dette året bli fremja som årets lokallag i Norges Bondelag frå Sogn og Fjordane Bondelag. 

Også 4 andre lag fekk merksemd på årsmøtet for å ha gjennomført eit godt arbeidsår.  Eitt av laga fekk ros for å ha starta ein ny giv etter siste årsmøtet.  Eikefjord Bondelag, Selje- og Stadtlandet Bondelag, Breim Bondelag og Fellesstyret for Bondelaga i Luster fekk kvar si påskjøning.

Representantar for Eid Bondelag, Breim Bondelag, Eikefjord Bondelag, Selje-.og Stadtlandet Bondelag og for Fellesstyret i Luster saman med prisutdelarane Elin Haugen og Nils Magne Gjengedal frå Fylkesstyret.