Fylkesleiar Per Hilleren

 

Regjeringa foreslår å auke grensa for registrering i meirverdiavgiftsregisteret frå 50.000 til 150. 000 kroner

- Om dette vert gjennomført ekskluderer dei eksempelvis mange bønder. Forslaget er eit effektivt dolkestøyt til å avvikle ein del viktige næringar, seier fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag Per Hilleren.

Forslaget seier mellom anna at ein ikkje får frådrag for mva, før ein er oppe i ein omsetnad på 150.000 kroner. Det hevar terskelen for å etablere seg, investere i og drive foretak i norsk næringsliv. Fleire landbruksføretak over heile landet vil falle ut av registeret, og mange i Sogn og Fjordane vil verte ramma.

- Me veit at gjennomsnittsbesetningen på sau er 65 vinterfora. Om forslaget blir innført, må ein opp i eit større antal. Då vil me sjå mindre aktivitet i fylket og mindre produksjon.

 

 

- Viktig sak

Dette er ei viktig sak som både Norges Bondelag og fylkeslaga har teke tak i.

- Me har dialog med regjeringspartia om saka, men eg trur støttepartia Venstre og Kristelig Folkeparti  må verte bremsen. Eg har god tru på at me skal greie å få dei to partia til å sjå galskapen i forslaget sitjande regjering har lagt fram, fortel Hilleren.