Jakob Husevåg

 

- No har me fått omsyning på området, fortel Jokob Husevåg.

Han kjem frå Nordfjordeid og har teke turen til Mo i lag med 22 andre 10.klassingar frå Sogn og Fjordane. Sjølv om han ikkje kjem frå gard, fortel han at besteforeldra har og at han alltid har vore interessert i landbruk.

- Eg har alltid likt det.

Etter du har sett deg rundt på skulen, freistar det å byrje her no?

- Ja, det vil eg absolutt seie.

 

Ynskjer at flest mogeleg vel Mo

Per Kristian Stubberud

 

- Det er kjekt å syne fram skulen, fortel Per Kristian Stubberud.

Han syner fram jordbruksskulen til dei besøkjande. Sjølv går han siste året på naturbruk og har bestemt seg for å bli bonde.

- Eg tykkjer det er eit kjekt yrke.

No håpar han at flest mogeleg søkjer seg inn på skulen til neste år.

- Det er viktig at folk søkjer her, elles kan skulen verte lagt ned. Det er moro her, eg har aldri angra på at eg byrja.

 

- Målet er å informere

Jostein Skår Støfring

 

- No har me sett gartneriet, stallen, fjøset og verkstaden, fortel Jostein Skår Støfring.

Han er rådgjevar på naturbruk og har mellom anna laga programmet til 10.klassingane.

- Målet er å spreie informasjon om skulen, og informere om kva mogelegheiter ein har for utdanning vidare etter å ha gått her.

Støfring er nøgd med at 23 elevar valde å vitje Mo, for dei kunne besøkt andre skular om dei ville.

- Eg er nøgd med besøkstalet, håpar dei vel å byrje her.

 

Imponert

Tore Olav Leivdal

 

- Far min har gått på denne skulen og mange av naboane mine også, fortel Tore Olav Leivdal.

Han kjem frå Eid og er imponert over alt han har sett på Mo.

- Det er eit flott og stort område. Stor gard, med bra maskiner.

Leivdal fekk mellom anna gjennomføre ein vedlikehaldssjekk på traktor då han vitja skulen, det var stas. Sjølv om han er frå gard, har han ikkje odelsretten. Det er likevel ikkje noko hinder for å ta utdanninga på Mo.

- Eg kjem mest truleg til å byrje her uansett.