- Eg tykkjer dette vart veldig bra
Sogn og Fjordane Bondelag har kjøpt nytt standmateriell.
- No har me tenkt å verte meir profesjonelle på stand, seier organisasjonssjef Merete Støfring.
Ho fortel at Sogn og Fjordane Bondelag har kjøpt inn litt nytt standmateriell.
Det nye utstyret kom i dag, og no håpar organisasjonssjefen at dette kan bidra til å synleggjere Bondelaget meir positivt utad.
Både dyr og planter
- Me ynskjer syne mangfoldet av landbruket i fylket, forklarar Støfring.
Difor er det kjøpt inn materiell med ulike motiv. Mellom anna finn ein bord med bileter av ku, epler og sau.
Kor nøgd er du?
-Eg syns det vart vart veldig bra.