Merete Støfring med litt av det nye standmateriellet

 

- No har me tenkt å verte meir profesjonelle på stand, seier organisasjonssjef Merete Støfring.

Ho fortel at Sogn og Fjordane Bondelag har kjøpt inn litt nytt standmateriell.

Det nye utstyret kom i dag, og no håpar organisasjonssjefen at dette kan bidra til å synleggjere Bondelaget meir positivt utad.  


Både dyr og planter

- Me ynskjer syne mangfoldet av landbruket i fylket, forklarar Støfring.

Difor er det kjøpt inn materiell med ulike motiv. Mellom anna finn ein bord med bileter av ku, epler og  sau.  

Kor nøgd er du?

-Eg syns det vart vart veldig bra.

 

Fire av motiva ein finn på Sogn og Fjordane sitt nye standmateriell