NESTLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELG: Ole Bjarne Hovland.

 

- Dette er ein siger for beitenæringa. 

Det fortel Ole Bjarne Hovland, nestleiar i Sogn og Fjordane Bondelag. No er det kome endringar i reglane for salt til beitedyr i Nordfjella.

- Endeleg kan bøndene bruke saltstein igjen i Nordfjella. Dette gjer det lettare å samle dyra i deira rette beiteområde, seier sauebonden frå Årdal.

 

Var forbod mot saltstein

- Grunnen til at det i 2019 var forbode å nytte saltstein i Nordfjella, var smittefaren av skrantesjuka (CWD ) som gjekk på rein. CWD er dødeleg for dei dyra som vert smitta, og det eksisterer ingen behandling mot sjukdommen. Ein var redd for at området rundt saltesteinane kunne vera hot spots, og at det vart ei smittekjelde.

Hovland utdjupar at området rundt saltsteinen var hovudutfordringa. Han forklarar at salt frå steinen kom ned på bakken, og at jorda vart så salthaldig at dyra starta å ete på bakken rundt.

- Når det minkar på saltsteinen fell det bitar ned på bakken. Det kan dyra sleike i seg, og på den måten får dei i seg både jord og smitte frå jorda.

Sjølv om det i beiteperioden 2019 var det forbode å nytte saltstein utandørs i Nordfjella, var  det lov å bruke strøsalt dersom der vart nytta på ein måte som gjorde at det ikkje danna seg samlingsplassar for dyr.

- Ordninga fungerte ikkje. Det er fast salt som gjeld, strøsaltet som vart nytta i fjor fungerte ikkje i det heile teke.

Difor måtte ein sjå på andre alternativ, og i fylgje Mattilsynet sine nettsider er det bakgrunnen for endringane i reglane.

 

Får gje salt frå eigne innretningar, men vilkår skal vera oppfylt:

  • Saltinnretningane skal ikkje danne varige samlingsplassar, det vil seie saltet eller avrenning frå saltet, skal ikkje på bakken.
  • Salteinnretningen må flyttast fleire gonger i løpet av den normale beiteperioden avhengig av underlaget. Flyttinga må dokumenterast.
  • Utanom beiteperioden skal saltet og salteksponerte flatar på salteinnretning ikkje vere tilgjengeleg for hjortedyr. Brukar må også i denne perioden passe på at det ikkje skjer saltavrenning.
  • Det er begrensingar på antal saltinnretningar som kan settast ut, og dei skal ikkej stå for nær gamle saltestader.

 

Ber folk fylgje villkår

- Beitesesongen ser eg lyst på, seier Hovland.

Han er oppteken av at villkåra frå Mattilsynet vert oppfylt.

- Sidan Mattilsynet fann ulike parasitter i jorda rundt salteplassane som ikkje er bra for sauen, er eg sikker på at bøndene får igjen for å fylgje villkåra.

 

Mattilsynet skriv på sine nettsider at dei ikkje kjem til å godkjenne spesifikke modellar. Det vert opp til den som nyttar saltinnretninga å passe på at krava vert oppfylt.