- Eg ser fleire positive grep
14.mai la Regjeringa fram revidert nasjonalbudsjett.
LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.
- Regjeringa gjev i revidert statsbudsjett ein positiv stimuli til norsk økonomi, og Bondelaget reknar sjølvsagt med at dette fører til at Regjeringa kjem med eit skikkeleg løft i ramma til jordbruksoppgjeret.
Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.
-Det er også sett av pengar til konkurransetilsynet for å etablere tilsyn med daglegvarehandelen og matindustrien. Bakgrunnen er at det no kjem ei lov om god handelsskikk. Vi har forhåpningar om at dette styrkjer matprodusenten sin plass i verdikjeda.
Fleire lyspunkt
- Redusert alkoholavgift for siderprodusentar, det er bra fortel Felde.
Han seier at det også er sett av 50 millionar til breibandsutbygging, og at det er avgjerande for verdiskaping og busetting i distrikta.
- Men det er på langt nær nok for å sikre framtidsretta infrastruktur i distrikta, held han fram.
Ifylgje Felde har landbruket i lang tid etterlyst fondsordningar, som eit skattemessig insitament for å gjere landbruket betre rusta for klimaendringane og for å gjere investeringar på garden som kuttar i klimautsleppa.
- Det er skuffande at Regjeringa heller ikkje i RSB for 2019 kjem landbruket i møte på dette punktet.