LEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde. 

 

- Regjeringa gjev i revidert statsbudsjett ein positiv stimuli til norsk økonomi, og Bondelaget reknar sjølvsagt med at dette fører til at Regjeringa kjem med eit skikkeleg løft i ramma til jordbruksoppgjeret.

Det fortel Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag.

-Det er også sett av pengar til konkurransetilsynet for å etablere tilsyn med daglegvarehandelen og matindustrien. Bakgrunnen er at det no kjem ei lov om god handelsskikk. Vi har forhåpningar om at dette styrkjer matprodusenten sin plass i verdikjeda.

 

Fleire lyspunkt

- Redusert alkoholavgift for siderprodusentar, det er bra fortel Felde.

Han seier at det også er sett av  50 millionar til breibandsutbygging, og at det er avgjerande for verdiskaping og busetting i distrikta.

- Men det er på langt nær nok for å sikre framtidsretta infrastruktur i distrikta, held han fram.

Ifylgje Felde har landbruket  i lang tid etterlyst fondsordningar, som eit skattemessig insitament for å gjere landbruket betre rusta for klimaendringane og for å gjere investeringar på garden som kuttar i klimautsleppa.

-  Det er skuffande at Regjeringa heller ikkje i RSB for 2019 kjem landbruket i møte på dette punktet.