FRÅ VENSTRE: Ruben (15), Andrea (12), Nils Kjøsnes, Knut Arild Hareide (leiar i KrF), Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes og Theodor (snart 2).

 

- For meg var det viktig å syne at norsk landbruk er meir enn store fjøs og mjølkerobotar, seier Flatjord Kjøsnes. 

Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes og Nils Kjøsnes driv eit mellomstort familiebruk i Stardalen i Jølster. Dei har 24 mjølkekyr og leverer rundt 260 000 liter mjølk i året.  For dei er livet på familiebruket verdifullt. 

- Dette er ein livstil me likar godt. Hadde me ikkje likt jobben, hadde me lagt ned fortel Flatjord Kjøsnes. 

Tysdag 13. august vitja KrF-leiinga garden, med partileiar Knut Arild Hareide i spissen. Dei skulle sjå, høyre og forstå at små og mellomstore bruk har livets rett, også i framtida.

- Eg håpar KrF skjønar at det er viktig å ha med seg ulike typar bruk vidare. 

 

Ynskjer matproduksjon i heile landet

VIL HA MATPRODUKSJON I HEILE LANDET: Knut Arild Hareide (KrF).

 

- Det er viktig at me produserer mat der me kan produsere mat. Dessutan ynskjer KrF å sikre ei inntektsutvikling for bøndene, på lik linje med resten av samfunnet.

Knut Arild Hareide ynskjer at vestlandslandslandbruket skal ha ei framtid, og fortel at då må mellom anna mjølkekvoteregionane bestå slik dei er i dag. 

-Dersom ein skulle slå saman regionar er eg redd mykje av produksjonen me ser i Sogn og Fjordane, vil flyttast til andre delar av landet. Det vil me ikkje. 

Knut Arild Hareide lot seg imponere over Stardalen, og familiebruket. Han syns det var kjekt å sjå to heiltidsbønder som jobba og tok seg av familien på garden. Ifylgje Hareide har KrF gjort mykje bra for landbruket. 

- Me har  begrensa ein del av skadane, på dei forslaga, som regjeringa har kome med. 

 

- Det er ikkje nok å bremse

FYLKESLEIAR I SOGN OG FJORDANE BONDELAG: Anders Felde.

 

- KrF må setje krav til langsiktig og bærekraftig utvikling av næringa. Me forventar meir av KrF enn kun bremsing av regjeringa sine forslag. 

Samtidig rosar fylkesleiaren KrF for at dei vil behalde mjølkekvoteregionane slik dei er i dag. 

-Mjølkekvoteregionane er eit av dei få verkemidla me har att som er geografisk retta, for å halde produksjonen oppe  Det er ei god forsikring, men eg hadde ikkje forventa noko anna frå KrF. 

 

- Eit godt liv 

FRÅ VENSTRE: Nils Kjøsnes, Ruben, Andrea, Knut Arild Hareide, Theodor og Inger Birgitte Flatjord Kjøsnes.

 

- Eg håpar me kan halde fram med familiebruket vårt, seier Nils Kjøsnes.

Han  fortel det var kjekt å få besøk. No håpar han at KrF tok til seg det som vart sagt og at dei lærte litt om korleis livet på garden i Stardalen er. For det å vera bonde i Jølster har han lyst å halde fram med i mange år.  

- Eg har det bra på alle måtar. Sjølv om økonomien kanskje kunne vore betre, meinar eg at eg er heldig. Eg lev eit godt liv, med dei kjæraste rundt meg. Det ynskjer eg å kunne gjere vidare inn i framtida også.   

 

Fleire bilder frå dagen kan du sjå her,