Her er Nils Magne Gjengedal sitt innlegg:

Årsmøte - ordstyrar - statsråd 

EG HADDE EIN DRAUM! At pelsdyrnæringa skulle få ei god framtid etter eit godt vedtak i stortinget i 2017, nemleg bærekraftig utvikling i ei næring som kan komme godt  med i distrikta i ei tid med fleire produksjonar som er i «taket» og over, og eit håp om at oppdretterane skulle få fred og ikkje bli mobba lenger.

Men ordstyrar – SO KOM DEN NYE REGJERINGA SOLBERG, OG DET VART VENSTRE OM – OG STYRT AVVIKLING OVER NATTA.   Kan dette vere akseptabelt?

EG HADDE EIN DRAUM! Om at rovdyrforvaltninga skulle gje beitenæringa fred, og at vi skulle få ta ut skadegjererane FØR skade vart gjort og næringa skulle sleppe gå i angst for dyra sine!

MEN SO KOM DEN NYE REGJERINGA SOLBERG OG DET VART VENSTRE OM!   Ein skal DNA-teste ulven før uttak, noko som gjer uttak forsenka og kanskje uaktuelt.

EG HADDE EIN DRAUM! Om at bygdesamfunn kringom skal kunne produsere elektrisk kraft som er rein og miljøvenleg. Vil konkret nemne Gjengedalsvassdraget og Gjengedal kraftverk som NVE som faginstans tilrådde konsesjon til i 2017.  Kanskje ei av dei mest miljøvenlege utbyggingane i heile landet. Kjærkomen både for grunneigarane, bygda, kommunen og utbyggjar.

MEN SO KOM DEN NYE REGJERINGA SOLBERG, OG DET VART VENSTRE OM OG OED sa NEI TIL UTBYGGING. UTRULEG TRIST!

EG HADDE EIN DRAUM! Om at skogen vi planta skulle få stå og vekse seg til hogstmoden skog.

 Men SO KOM DEN NYE REGJERINGA SOLBERG OG DET VART VENSTRE OM! Sitka-grana, til dømes, er «ugras» i den Norske fauna, og skal av-viklast. Det kan gå mot forbod.

Ordstyrar: Tilslutt vil eg spørje styret i Norges Bondelag og statsråden: Korleis motvirke at vi går frå bruk til endå meir vern av våre eigedomar?