- På kurset skal eg mellom anna lage ein lunsj. Den inkluderer drikke/drinkar basert på råvarer av ville vekstar frå skog, mark og hav. 

Det fortel Nils Henning Nesje. Bondelagskokken er ein av føredragshaldarane under kurset Plukk villt. Kurset har fokus på hausting, foredling og bruk, og vil finne stad på Værlandet/Bulandet 22.-24.mai. 

- Det skal også utførast smakstestar op dei ulike råvarene frå naturen, seier Nesje. 

Nesje som vart utnevnt som årets klippfiskambassadør i 2017, lovar å stille med råvarer som blandt anna villsau og klippfisk. 

- For meg er det viktig å formidle råvarene si historie. Då høyrer muntre historier, og sleivspark med. Historiane er med på å skape nærhet, og det er viktig å vera ekte og ikkje skape falsk og uærleg mat. 

 

Eit naturleg kjøkken

 

- Frå naturen tek eg mellom anna med ramsløk. strutseving, løvetannrot, bjørkeskudd, skudd av rogn, sisselrot, ryllik, geitramsskudd, skjørbukurt, røsslyng, skogsyre, skvallerkål, brennesle, butare, havtrøffel, sukkertare og tarmgrønske.   

For Nesje er det kjekt å bruke ingrediensar fleire kan spegle seg i, og gjerne ha barndomsminner frå. 

- I tillegg er dette kjente råvarer med mange bruksområder, og mange av dei er svært smaksrike. 

 

Ser fram til kurset

 

- Eg håpar folk forlet kursdagane fulle av idear, inspirasjon og at me får endå meir levande menyar over heile landet. Eg håpar at me saman kan løfte bruken av gamle teknikkar, sauerasar, gamle kurasar som fjordfe, kje og sjølvsagt nytte meir av næringsrke og smakfulle ville vekstar.

Nesje ser også fram til å samarbeide med Aud Slettehaug, Hanna Frosta, Ane Marit Ellasdatter Willmann, Leif Sørensen og Anette Eckmann under kurset.

- Saman trur eg me kan skape ei stor bølgje med bruk av vekster, som nesten er rett ved dørstokken. Eg gler meg veldig til kurset. Det er bra nettverksbygging, treffe likesinna, og ikkje minst få innsprøyting og utvikling sjølv. 

 

 

For meir informasjon om kurset og påmelding, klikk her.