- Eg er veldig nøgd
Fulle parkeringsplassar, rekordmykje folk og flinke lokalmatprodusentar, gjorde Matamål 2016 til ein stor suksess.
- Eg veit ikkje kor mange som var på torgdagen i år, men det var vedig mange seier Sigmund Vereide.
For sjuande gong vart Matamål arrangert, og festivalsjefen trur det vart publikumsrekord.
- Det var kjekt å sjå så mykje folk. I år var det 47 påmeldte lokalmatprodusentar, og fleire av dei gjekk tom for varer.
Vereide fortel at tilbakemeldingane har vore positive og at det motiverar.
- Det betyr alt. Det ligg mykje jobb bak Matamål, men det er absolutt verdt det. No skal me snart starte å planlegge Matamål 2017.
Sogn og Fjordane Bondelag var på plass
- Det er viktig at Sogn og Fjordane Bondelag er på denne matfestivalen. Dette er jo ei markering av maten bonden produserar.
Nils Magne Gjengedal sit i styret til Sogn og Fjordane Bondelag, han sto på mellom anna på stand under Matamål.
- Me fekk fleire nye medlemmer til Bondelaget i dag, det er eg glad for. Det var kjekt å stå her, prate med folk og diskutere landbruk. Dessutan var me veldig heldige i år, for leiaren i Norges Bondelag tok også turen til Sandane.
Kva tenkjer du om det?
- Det var veldig flott.
- God matkultur
- Festivalar som Matamål betyr mykje. Då kan me som levrandørar bli kjent med forbrukaren.
Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, fekk æra av å opne torgdagen 2016.
- Det var kjekt, eg forsøkte å ta tak i mangfoldet av matproduksjonen som er i Gloppen.
Kjem du tilbake neste år?
- Det vil kalenderen og tida vise, men eg har lyst. Eg tek med meg mange gode minner frå dagen i dag.
Fleire bilder frå Matamål kan du sjå her.